Trump trekker påstanden om at klimaendringar er ein bløff

USAs president Donald Trump seier han ikkje veit om klimaendringar er menneskeskapte og trur klimaet vil «endrast tilbake igjen».

Det er i eit intervju med CBS «60 Minutes» Trump seier at han ikkje lenger trur at klimaendringar er ein bløff.

- Eg trur noko skjer. Noko blir endra og det vil bli endra tilbake igjen. Eg trur ikkje at det er ein bløff. Eg trur det er ei endring, men eg veit ikkje om det er menneskeskapt, seier presidenten i intervjuet med den amerikanske TV-kanalen.

Trump har ved fleire høve sagt at han ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar, og i 2017 trekte han USA ut av Parisavtalen.

I intervjuet seier Trump at han trur endringar i klimaet går over fleire millionar år, før det blir endra tilbake igjen.

Måndag besøkjer presidenten delstatane Georgia og Florida, som begge vart hardt ramma av orkanen Michael. Det er frykta at det vil bli meir ekstremvêr i framtida som følgje av klimaendringane.

(©NPK)

USAs president Donald Trump har tidlegare sagt at klimaendringar er ein bløff. No trekker han påstanden i eit intervju. Foto: AP / NTB scanpix