Annonse

Trump vil kutte bistanden til mellomamerikanske land

Donald Trump vil kutte bistanden til Honduras, El Salvador og Guatemala, fordi han meiner landa ikkje har gjort nok for å hindre at innbyggarar flyktar til USA.

Annonse

- Guatemala, Honduras og El Salvador har ikkje klart å hindre folk i å forlate landa deira og komme ulovleg til USA. Vi vil no byrje å stoppe eller vesentleg redusere den enorme bistanden dei får, skriv Donald Trump på Twitter måndag.

Utspelet kjem etter nyheita om at ein karavane med rundt 3.000 menneske no vandrar gjennom Mexico mot den sørlege grensa av USA. Fleire av dei har komme seg forbi ei sperring som det mexicanske politiet hadde sett opp ved grensa mellom Mexico og Guatemala.

Trump har tidlegare trua med å kutte bistanden til dei tre landa, men i utspelet måndag er tonen skjerpa.

Det er i utgangspunktet Kongressen som må godkjenne eventuelle endringar i bistanden. Kongressen skal etter planen ikkje samlast igjen før etter mellomvalet om to veker.

(©NPK)

Honduranske migrantar søv på eit torg i byen Tapachula i Sør-Mexico. Fleire tusen menneske vandrar no gjennom Mexico mot den amerikanske grensa. Foto: Moises Castillo / AP / NTB scanpix