Trump har anerkjent Golanhøgdene som ein del av Israel

USAs president Donald Trump har offisielt anerkjent Golanhøgdene som ein del av Israel.

Ei erklæring om USAs anerkjenning vart underteikna av Trump måndag, i samband med at han møtte Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Det kvite hus.

Trump varsla tidlegare denne månaden at USAs syn på Golanhøgdene ville bli endra.

- Etter 52 år er det på høg tid at USA fullt ut anerkjenner Israels suverenitet over Golanhøgdene, som er kritisk strategisk og sikkerheitsmessig viktig for staten Israel og stabiliteten i regionen, skreiv presidenten på Twitter.

Tidlegare har FNs tryggingsråd, med støtte frå USA, slått fast at Golanhøgdene er ulovleg okkupert og annektert.

Golanhøgdene er eit 1.200 kvadratkilometer stort høgdedrag sørvest i Syria, men store delar av området vart okkupert av Israel i 1967. Israel har etablert rundt 30 busetjingar i det okkuperte området, i strid med folkeretten.

(©NPK)

Ein FN-soldat i eit vakttårn ved delelinja mellom Syria og den israelskokkuperte delen av Golanhøgdene i 2013. Foto: Ariel Schalit / AP / NTB scanpix