Annonse

Trygg Trafikk: - Meiningslaust å trimme elsparkesyklar

Trimming av elektriske sparkesyklar er meiningslaust, meiner Trygg Trafikk. Dei åtvarar mot å la trimming bli ein trend.

Ein elsparkesykkel skal maks komme opp i rundt 20 kilometer i timen, men ved å modifisere sykkelen kan farten gå ytterlegare opp.

- Det finst ikkje eit fornuftig behov for dette. Å styre ein elsparkesykkel i 20 kilometer i timen blir opplevd som meir enn fort nok for dei fleste, seier seniorrådgivar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

Trygg Trafikk har fått fleire førespurnader om dette, men trur ikkje det er eit fenomen som gjeld mange.

I juni vart totalt 111 personar skadde ved bruk av elsparkesykkel. Totalt for dei siste tre og ein halv månadene, april, mai, juni og halve juli, er dette talet 258, ifølgje Trygg Trafikk.

Det finst ingen tal på kor mange av ulykkene, om nokon, som involverer bruk av modifisert elsparkesykkel, men Johansen meiner at slike syklar ikkje er bygde for fart over den innebygde fartsgrensa, og at dei derfor blir meir ustabile ved trimming.

- Trimming er meiningslaust, og det aukar berre sjansen for å køyre på fotgjengarar. Høgare fare gir òg ein betydeleg risiko for hovudskadar, seier han.

Både politiet og Trygg Trafikk ønsker seg eit nytt regelverk for elsparkesyklar. Krav om hjelm og ei nedre aldersgrense på tolv år er to av forslaga.

(©NPK)

Trygg Trafikk åtvarar mot å trimme motoren til elsparkesyklar. Det kan føre til alvorlege skadar.
Foto: Geir Olsen / NTB scanpix