Tryggingsrådet i FN åtvarar om IS-krigarar på rømmen i Syria

Tryggingsrådet i FN åtvarar om at IS-fangar kan vere på rømmen i Syria etter at Tyrkia starta offensiven sin.

- Medlemmene i Tryggingsrådet gir uttrykk for djup bekymring for risikoen for at terroristar frå FN-lista grupper, inkludert IS, kan spreie seg, heiter det i den samrøystes fråsegna onsdag.

Dei 15 medlemslanda i Tryggingsrådet, inkludert Russland som er ein aktiv part i konflikten på sida til det syriske regimet, uttalar at dei er «svært bekymra over ytterlegare forverring av den humanitære situasjonen» nordaust i Syria.

Sjølv om Tryggingsrådet åtvarar om faren for at IS-fangar kan vere på frifot i Syria, gjekk medlemslanda ikkje så langt som til å be Tyrkia stanse offensiven sin mot kurdiske styrkar.

Kurdiske styresmakter nordaust i Syria har til no hatt ansvar for IS-krigarar som sit i fangeleirar.

Det har komme meldingar om at IS-krigarar enten skal ha rømt eller visstnok vorte sleppt fri. Ulike kjelder legg skulda på enten tyrkiskstøtta grupper eller kurdarane. Onsdag vart den belgiske nasjonalforsamlinga orientert om at to belgiske jihadistar har rømt frå fangeleirar nordaust i Syria.

- Det skjedde dei siste dagane, og i alle fall etter at den tyrkiske offensiven starta, sa Paul Van Tigchelt, som leiar den belgiske antiterroreininga OCAM, ifølgje to parlamentsmedlemmer.

Dei to mennene var blant 55 belgiske jihadistar, både menn og kvinner, som sit i kurdiskkontrollerte fengsel eller fangeleirar i Syria. Ytterlegare tre belgiarar blir haldne i fangenskap i Irak.

(©NPK)