Tsjekkias president alvorleg sjuk

Tsjekkias president Mílos Zeman er for sjuk til å utføre embetspliktene sin, mellom anna med utnemninga av ei ny regjering etter valet.

Presidenten i Senatet, Mílos Vystrcil, har fått eit brev frå direktøren på militærsjukehuset i Praha, der Zeman er innlagd, om at Zeman er for sjuk til å arbeide, og at prognosen er svært usikker.
Zeman vart innlagt dagen etter valet 10. oktober, og kona hans seier han treng tid til å bli betre. Den 77 år gamle presidenten er storrøykjar og glad i ein drink, lid av diabetes og har problem med å gå.
Som president speler han ei viktig rolle i utnemninga av ny regjering, sjølv om rolla er mest seremoniell. Om han ikkje er i stand til å utføre pliktene sine, skal presidentane i dei to kammera til nasjonalforsamlinga overta rolla hans og utnemne ny statsminister.
Ein liberalkonservativ koalisjon ved namn Saman fekk 27.8 prosent av stemmene ved valet, marginalt meir enn statsminister Andrej Babis' parti ANO; som fekk 27,1 prosent. Ein venstrekoalisjon kom på tredje plass med 15,6 prosent.
Dei to opposisjonskoalisjonane har 108 av dei 200 mandata til nasjonalforsamlinga og seier dei vil gå saman om ei ny regjering.
Babis har sagt at han er klar til å gå i opposisjon, trass i tilbodet frå Zeman om å utnemne han til ny statsminister.
EMBED START Image Tsjekkias president Mílos Zeman er for sjuk til å utføre embetspliktene sine, her fotografert i august. Foto: Petr David Josek / AP / NTB EMBED END Image(©NPK)