Annonse

Tung nedtur for Premier League-fansen – alle tilskodarplanar blir lagde på is

Alle planar om å gjenopne engelske idrettsarenaer for publikum blir stansa som følgje av den markante auken i smittetilfelle den siste tida.

Det stadfesta den britiske statsministeren Boris Johnson då han lanserte ei rekkje nye tiltak for å forhindre ytterlegare smittespreiing tysdag.

Den siste har dei gjennomført ei rekkje testarrangement der maksimalt 1.000 tilskodarar har fått sleppe inn på tribunane. Planane var å utvide gradvis, slik at dei kunne auke talet ytterlegare frå 1. oktober.

Slik blir det ikkje.

Tysdag var den britiske regjeringa klar på at «masseopning» ikkje vil vere tilrådeleg slik situasjonen er no. Det er dårlege nyheiter for både Premier League-fansen og mange idrettsaktørar som slit tungt som følgje av mangel på billettinntekter.

– Vi har sett på eit trinnvis opplegg der tilskodarane får returnere. Det har ikkje vore aktuelt å la stadiona bli fylt med tilskodarar, sa statsråd Michael Gove til BBC.

– No ser vi på korleis vi kan setje heile opplegget på pause, men vi ønskjer å få folk tilbake på tribunen når omstenda tillèt det, la han til.

Statsministeren sa på si side at tiltaka som no blir sette i verk kan få varigheit på så lenge som seks månader.

Kritisk for økonomien

Premier League-kampane har laga spelt for tomme tribunar sidan koronapandemien sette idretten på pause i mars. Mange toppleiarar i idretten har ropt eit varsku rundt konsekvensane som tapet av inntekter kan få.

Leiarar frå meir enn 100 klubbar og forbund har sendt eit brev til statsminister Boris Johnson der dei ber om økonomisk nødhjelp.

Premier League-sjef Richard Masters har gitt uttrykk for at det er kritisk viktig å få publikum tilbake.

– Det rår kanskje eit inntrykk av at Premier League-økonomien kan tole nær sagt alt, men taper du 700 millionar pund av planlagt budsjett, kan det påverke ting. Klubbar må ta nokre verkeleg vanskelege avgjerder, sa han til BBC nyleg.

Oppsving i smitte

Storbritannia hadde måndag registrert 394.257 personar som har vore smitta av koronaviruset. 41.777 er døde.

Britiske styresmakter opplyste i tillegg måndag at talet på nye smittetilfelle har dobla seg kvar sjuande dag i fleire veker og kan komme opp til nærare 50.000 per dag i oktober om ikkje noko blir gjort for å bremse pandemien.

Sist helg vart ni engelske ligakampar i fotball spelt med 1000 tilskodarar på tribunane. Ingen av dei var i Premier League.

Manchester United skal på eit tidspunkt ha vore i samtalar med britiske styresmakter om å få spele med 12.000 tilskodarar i seriekampen mot Crystal Palace sist laurdag. Det vart aldri noko av.

(©NPK)

Det blir ikkje tilskodarar i Premier League på ei god stund. Foto: Marc Atkins / AP / NTB scanpix