Annonse

Tunge nyheiter for Fannemel: Har skadd både korsband og menisk

Skihopparen Anders Fannemel pådrog seg skade i både korsband og menisk då han fall i Wisla i Polen torsdag. Dermed er sesongen hans etter alt sannsyn over.

- Det er ganske jævlig, eigentleg. Det er kjedeleg, og det blir veldig uvant. Eg har reist rundt og hoppa på ski 200 dagar pluss dei siste ti åra. Eg veit ikkje korleis dette blir i det heile, seier Fannemel til NTB.

Han har akkurat fått resultata etter å ha sjekka kneet hos Olympiatoppen. Torsdag gjekk det gale for hopparen i polske Wisla. Han landa på 140 meter, gjekk ut i spagaten og forlét bakken med store smerter i kneet.

Undersøkingane viser at han har pådratt seg skade både i korsband og menisk i det venstre kneet.

- Det blir i alle fall ni månader utan skihopping. Sesongen ryk vel, seier ein skuffa Fannemel.

Han hadde sjekka kneet òg i Polen. Allereie då fekk han signal om at det kunne vore korsbandskade. Fannemel forstod fort at det var ein alvorleg skade då han gjekk over ende i Wisla.

- Eg kjente jo med ein gong eg landa at dette var knea. Eg har sett mange hopparar gjere det same. Eg skjønte at med den smerta eg kjente, så var det nok alvorleg, seier han.

I tillegg til å vere VM-vinnar, er 28-åringen òg tidlegare verdsrekordhaldar i skihopping. I 2015 landa Fannemel på 251,5 meter. Den rekorden stod seg i to år.

(©NPK)

Anders Fannemel er på Olympiatoppen og får nærmare utreiing for kneskaden han fekk i Wisla tidlegare i veka.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix