Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Kristian Røkkes investeringsselskap Akastor slit i ein tung marknad og hadde eit underskot på over 600 millionar kroner i fjerde kvartal.
npk@npk.no
Publisert: 17.02.2016 kl 09:38
– Svake marknadsforhold held fram over heile porteføljen. Betydelege kostnadsreduksjonar sett i verk, skriv selskapet i ei børsmelding i samband med kvartalsrapporten som blei lagt fram onsdag morgon.
Investeringsselskapet innan oljeservice har eit justert driftsresultat på 552 millionar kroner. Resultat før skatt er minus 513 millionar. Inkludert skatteutgift og tap frå avslutta operasjonar er det samla tapet på 661 millionar.
Samtidig tar selskapet nedskrivingar på 615 millionar kroner.
For fjoråret i sin heilskap sokk driftsinntektene med drygt 5,5 milliardar kroner til 15,9 milliardar. Resultat før skatt enda på minus 2,8 milliardar, 1,2 milliardar svakare enn i 2014. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.