Annonse

Turist knivdrepen i Tunisia

Ein fransk turist vart drepen og ein tunisisk soldat såra då ein gjerningsperson angreip dei med kniv nord for Tunis, ifølgje styresmaktene i Tunisia.

Dei to vart knivstukne då dei var på veg ut av eit offentleg bad i Zarzouna-området i provinsen Bizerte, opplyser det tunisiske innanriksdepartementet.

Den lokale radiostasjonen Mosaique FM melder at turisten vart stukken i halsen og brystet. Soldaten er lagt inn på sjukehus. Etterforskinga går framleis føre seg, opplyser innanriksdepartementet til radiostasjonen.

I juni 2017 vart to tyske turistar skadde då dei vart knivstukne i nærleiken av byen Hammamet nordaust i landet.

(©NPK)