Annonse

Tusenvis til Kurt Nilsen-konsertar i koronaprega Oslo

Kurt Nilsens julekonsertar og andre framsyningar i Oslo Spektrum går av stabelen som planlagt, sjølv om koronatiltaka i byen er stramma kraftig inn.

Annonse

Fleire tusen menneske vil dermed samle seg i storstova i Oslo samtidig som koronasmitten i byen er aukande. Dei nye restriksjonane som vart innførte torsdag, gjer det forbode med private arrangement med meir enn 100 personar på offentleg stad eller i leigde lokale, men dette gjeld ikkje kulturarrangement som dette.

– Etter dei gjeldande reglane blir ikkje konsertar med faste, tilviste plassar ramma, derfor vil vi med glede syngje jula inn i eit fullsett Oslo Spektrum fredag 10., laurdag 11., og søndag 12. desember, skriv Jan Fredrik Karlsen, kreativ leiar for eventbyrået All-in, i ein e-post til NTB.

Den same bodskapen står å lese på nettsidene til Oslo Spektrum, og dermed vil også teaterframsyningane «Putti Plutti Plott» og «Julenissens skjegg» bli viste som planlagt, med mindre tiltaka blir stramma inn endå meir.

Likevel blir eit stort humorshow med Michael McIntyre og fleire andre britiske artistar, som skulle vore arrangert laurdag, utsett til juni neste år. Dette på grunn av koronarestriksjonane, heiter det på nettsida.

(©NPK)

Kurt Nilsen skal spele tre julekonsertar i storstova i Oslo, Oslo Spektrum. Dette vil gå som planlagt, sjølv om det vil samle tusenvis av menneske i ei tid då mange er urolege for aukande koronasmitte. Biletet er teke under nobelkonserten i 2015.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB