Annonse

Tusk og Johnson skal ha brexit-samtalar måndag

EU-president Donald Tusk og Storbritannias statsminister Boris Johnson møtest på sidelinja av FNs hovudforsamling i New York for brexit-forhandlingar.

Ifølgje ei AFP-kjelde skal dei to møtest til samtalar måndag ettermiddag.

Samtalane skjer etter at det har vist seg vanskeleg for partane å komme seg vidare i dei anstrengde skilsmisseforhandlingane.

Jobben til EU-presidenten er å samle EUs leiarar til eit avgjerande toppmøte i Brussel 17. oktober der det vil bli avgjort om britane får dratt i land ein avtale, eller ikkje. Møtet blir halde to veker før 31. oktober. Då skal britane forlate EU - med eller utan ein avtale.

(©NPK)

Storbritannias statsminister Boris Johnson og EU-president Donald Tusk møttest i august under G7-møtet i Biarritz i Frankrike. Arkivfoto: Markus Schreiber / AP / NTB scanpix