TV 2-direktør er årets kvinnelege medieleiar

Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Sarah Willand i TV 2 er kåra til årets kvinnelege medieleiar, skriv Medier24.

- Eg er stolte av å stikke av garde med den prisen i den konkurransen, og eg er kanskje endå meir stolt av å stå her som TV 2-direktør. For den omstillinga vi har stått i, har vore tøff, seier Willand til nettstaden etter prisutdelinga.

Prisutdelar Helje Solberg understreka at Willand har stått i stormen, jobba for fleire kvinnelege leiarar og levert sterkt.

Willand slo Siv Juvik i Schibsted og redaktør Guri Jortveit i Arbeidets Rett. Willand kom frå Egmont i 2015 og har dei siste åra sete i leiinga i TV 2.

Prisen for årets kvinnelege medieleiartalent gjekk til Grethe Wiig Samdal, som er leiar for brukarmarknad i Bergens Tidende.

Utdelinga skjedde under Medienettverkets haustmøte.

(©NPK)

Sarah C.J. Willand frå TV 2 er kåra til årets kvinnelege medieleiar under eit arrangement i Schibsted i Oslo onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix