USAs Ukraina-ambassadør forklarte seg om ukjend telefonsamtale

USAs Ukraina-ambassadør forklarte seg om ein til no ukjend telefonsamtale under riksrettshøyringa onsdag om Donald Trumps samtale med Ukrainas president.

Høyringa onsdag starta med forklaringa til USAs fungerande ambassadør til Ukraina William Taylor og statssekretær George Kent i utanriksdepartementet.

Taylor sa at han overfor Trump-administrasjonen hadde gjort sitt syn kjent om at «det å halde tilbake tryggingsforsikringar i byte mot hjelp til ein innanrikspolitisk kampanje i USA, ville ha vore galskap».

Taylor sa vidare at han hadde merkt seg at det fanst to politiske kanalar i forholdet til Ukraina - ein «regulær» kanal og ein «irregulær» kanal. Den sistnemnde vart leidd av Trumps personlege advokat Rudy Giuliani, sa Taylor, som la til at det etter kvart vart klart for han at det vart stilt vilkår til Ukrainas nye president.

- Forsøket på å få Ukrainas president til å granske eit energiselskap kopla til sonen til den demokratiske presidentkandidaten Joe Biden viste korleis den offisielle amerikanske utanrikspolitikken vart undergraven av irregulære framstøytar leidd av Giuliani, sa Taylor.

Ukjend samtale

Taylor sa òg at han fredag førre veke fekk vite frå staben sin at dei under eit besøk på ein restaurant overhøyrde ein telefonsamtale mellom Trump og USAs ambassadør til EU, Gordon Sondland, dagen etter Trumps telefonsamtale med presidenten i Ukraina. Sondland ringde til Trump frå restauranten, og Taylors medarbeidarar som var til stades, kunne høyre Trump spørje om «granskingane».

Sondland sa til presidenten at ukrainarane stod klare til å ta fatt på arbeidet, forklarte Taylor. Taylor sa òg at Sondland hadde sagt at «alt» var avhengig av at Ukrainas president offentleg måtte kunngjere ei etterforsking av Biden. Det skjedde likevel ikkje.

- Trump brydde seg meir om å granske Biden enn det Ukraina gjorde sjølv, sa Sondland etter at samtalen var over, ifølgje Taylor.

Opne høyringar

Demokratane i Representanthuset planlegg å bruke dei neste vekene på å bevise at Trump misbrukte makta si ved å be Ukraina om hjelp til å vinne presidentvalet neste år. Trumps plan var ifølgje Demokratane å få Ukraina til å sverte den politiske rivalen hans, Joe Biden, og sonen Hunter, ved å innleie ei korrupsjonsetterforsking mot dei.

Frå og med onsdag blir utspørjingane, som til no har gått bak lukka dører, sende direkte på amerikansk fjernsyn.

Sjølv meiner Trump at han ikkje har gjort noko gale. I ein tale på eit privat arrangement i Economic Club i New York tysdag kalla han riksrettsgranskinga for ei heksejakt prega av vrangførestillingar.

(©NPK)

USAs fungerande ambassadør til Ukraina William Taylor forklarte seg under den opne høyringa i riksrettsgranskinga mot president Donald Trump onsdag. Foto: AP / NTB scanpix

Leiaren av etterretningskomiteen i Representanthuset, demokraten Adam Schiff (t.v.), opna høyringa i samband med riksrettsprosessen mot USAs president Donald Trump. Til høgre sit republikanaren Devin Nunes. Foto: AP Photo / Susan Walsh / NTB scanpix