Klargjør siden...

TV-tabbe utløyste «krigsalarm» på Taiwan

Ei rekkje nyheitsvarslar om eit kinesisk angrep rulla ved ein feil over taiwanske TV-skjermar. TV-kanalen CTS beklagar «å ha forårsaka panikk i befolkninga».

Dei 23 millionar innbyggjarane er i konstant beredskap mot invasjon eller angrep frå Kina, som reknar øya som ein del av territoriet sitt.

Derfor var det nok mange som reagerte då meldingar om at «New Taipei City er treft av kommunisthærens rakettar» rulla over TV-bileta frå kanalen CTS saman med meldingar om øydelagde skip, kriseordre frå presidenten og fare for krigsutbrot.

CTS seier dei skremmande meldingane kom av ein tabbe og at ein tilsett ved ein feil hadde lagt ut meldingar som var laga til ei beredskapsøving for brannvesenet i byen.

– CTS vil på det inderlegaste beklaga at denne alvorlege feilen skapte panikk i befolkninga, seier TV-selskapet i ei fråsegn onsdag.

Rett nok var det ingen panikk å spore på gatene i hovudstaden Taipei onsdag morgon, sjølv om mange har nervane i høgspenn og fryktar Kina vil følgje i fotsporet til Russland og angripe ein nabo. På nettet reagerte somme med sinne og hån mot CTS etter den grove blunderen.

(©NPK)

Både hæren og befolkninga på Taiwan lever med trusselen om eit kinesisk angrep hengjande over seg til kvar tid. Derfor kunne det fort skape frykt i befolkninga då ein TV-stasjon ved ein feil la ut meldingar om mellom anna rakettangrep mot øya. Illustrasjonsfoto: Chiang Ying-ying / AP / NTB

Annonse