Annonse

Twitter i møte med United for å diskutere rasisme

Twitter har gått med på å møte Manchester United og antirasismeorganisasjonen Kick It Out etter nettrasismen mot Paul Pogba, skriv BBC.

Pogba brann eit straffespark i Uniteds 1-1-kamp mot Wolverhampton måndag kveld, og i etterkant fløymde det over av rasistisk hets mot midtbanespelaren i sosiale medium.

Pogba er den tredje spelaren på ei veke som blir utsett for rasisme i sosiale medium etter å ha brunne eit straffespark. Fleire av lagkameratane hans har vore ute og kritisert hetsen mot Pogba, og tysdag tok sjefen for Englands fotballkvinner, Phil Neville, til orde for ein boikott av sosiale medium i fotballen.

Nettsamfunnet Twitter uttaler onsdag at det er villig til å gå i dialog med alle ramma partar for å vise det «proaktive» arbeidet selskapet gjer for å handtere hets og rasisme.

- Dei neste vekene skal representantar for Twitter møte Manchester United, Kick It Out og andre som er interessert i å høyre om jobben Twitter gjer for å ta tak i nettrasisme mot konkrete fotballspelarar i Storbritannia, heiter det i ei pressemelding, ifølgje BBC.

Twitter seier òg at dei i framtida vil samarbeide tettare med partnarane sine for å utvikle løysingar på problemet.

(©NPK)

Paul Pogba blei utsett for hets og rasisme på Twitter etter straffemissen mot Wolverhampton måndag. No vil Twitter samarbeide med Manchester United og andre om å stoppe rasismen. Foto: Nick Potts / PA via AP / NTB scanpix