Annonse

Twitter stenger fleire tusen kontoar som har spreidd falske nyheiter

Twitter seier at selskapet har stengt fleire tusen Twitter-kontoar. Kontoane har spreidd falske nyheiter og regjeringsvennleg propaganda.

Annonse

Kontoane som vart stengde ned, var oppretta i land som mellom anna Dei sameinte arabiske emirata, Kina og Spania.

4.302 kinesiske brukarkontoar som no er stengde, skal ha vorte brukt til å skape uro og usemje blant demonstrantar i Hongkong. Vidare har Twitter identifisert over 200.000 kontoar, som selskapet mistenker er kopla til kinesiske styresmakter og ein kampanje retta mot Hongkong-demonstrasjonane.

Twitter har òg stengt brukarprofilar i Egypt og Dei sameinte arabiske emirata som skal ha sendt saudiarabisk propaganda mot brukarar frå Qatar og Jemen.

I tillegg stengde selskapet brukarkontoar i Spania og Ecuador.

Stenginga er ein del av arbeidet til selskapet med å forstå korleis plattforma blir brukt av statlege aktørar til å påverke opinionen.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix