Twitters stenging av Brussel-kontor vekkjer uro i kommisjonen

Stenginga av Twitters kontor i Brussel har utløyst uro i EU om den sosiale plattforma vil overhalde dei strenge reglane i unionen om innhald på nett.

Dei to personane som hadde ansvaret for Twitters politikk for digital publisering i Europa, forlét selskapet førre veke som dei to siste, opplyser fem personar med kjennskap til saka til Financial Times.

Dei to sjefane hadde stått i spissen for Twitters arbeid med å etterleve EUs reglar om desinformasjon og handtering av lova om digitale tenester. Denne lova tredde i kraft førre veke og kneset strenge reglar for korleis dei store teknologiselskapa skal oppføre seg for å halde oppe tryggleiken i brukarane.

Dei andre ved Brussel-kontoret slutta tidlegare i månaden då den nye sjefen Elon Musk kunngjorde at halve staben på 7.500 tilsette måtte gå.

Det er uklart om Julia Mozer og Dario La Nasa sa opp eller vart oppsagte. Dei overlevde tilsynelatande den første oppseiingsrunden, men forlét kontoret då Musk i eit rundskriv forlangte at dei tilsette skulle godta ein intens (hardcore) arbeidskultur.

(©NPK)

Twitter har lagt ned Brussel-kontoret sitt, og EU lurer på korleis selskapet i framtida skal overhalde reglane i blokka for digital publisering. Foto: Gregory Bull / AP / NTB

ANNONSE

Artikkelen fortsetter etter annonsen.

Annonse