Twum går frå Start til Mjøndalen

Isaac Twum forlèt Start og har signert for eliteserierival Mjøndalen. Ghanesaren har signert ein kontrakt som varer ut 2022-sesongen.

– Issac tilfører oss kvalitet sentralt på midtbanen og er ein spelar vi trur kan bli både ein viktig spelar for Mjøndalen, men også god nok for større ligaer, seier sportsleg leiar i Mjøndalen, André Nevstad, til nettstaden til klubben.

Twum, som hadde dryge tre månader att av kontrakten med Start, vart henta til sørlandsklubben i 2018.

I eliteserien i år har det vorte eitt mål på ti kampar. No har ghanesaren signert for Mjøndalen og kan bli klar fot heimekamp mot Viking til helga.

– Han er framleis ung og svolten og passar godt inn, både i det korte og lange perspektivet vårt, seier sportsleg leiar Nevstad.

Det står att 12 kampar av sesongen i år. Både Start og Mjøndalen kjempar for å unngå nedrykk.

(©NPK)

Isaac Twum går frå Start til Mjøndalen. Foto: Terje Pedersen / NTB