Annonse
Annonse
Annonse

Tyrkia: Russiske angrep i Syria sender fleire på flukt

(NPK-NTB-Reuters): Presidenten i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan, ringde onsdag til sin russiske kollega Vladimir Putin for å uttrykkje bekymring over dei russiske angrepa i Syria. Dette kan føre til at fleire flyktar, sa Erdogan.

Annonse

Erdogan sa i telefonsamtalen at han er uroa over dei russiske angrepa i Aleppo og områda rundt. Det er risiko for at angrepa kan løyse ut ei ny bølgje med flyktningar, sa Erdogan.

Tyrkia tar imot brorparten av dei syriske flyktningane som vil vidare til Europa.

Kjelder nær Erdogan seier at presidenten også streka under overfor Putin at det ikkje berre er opprørarane frå Den islamske staten (IS) må nedkjempast, men «alle terrorgrupper». Erdogan viste til koplingar mellom den kurdiske YPG-militsen og militante frå den kurdiske PKK-geriljaen i Tyrkia. (©NPK)