Tyrkia utviser 40.000 flyktningar frå Istanbul

Tyrkiske styresmakter har sendt over 40.000 flyktningar som har budd i Istanbul, tilbake til dei tyrkiske provinsane dei opphavleg vart registrerte i.

Styresmaktene offentleggjorde talet fredag, men tilbakesendinga har gått føre seg over lengre tid. Styresmaktene sette i verk ein kampanje som varte frå juli til utgangen av oktober. Målet var å redusere talet på flyktningar i den største byen i Tyrkia.

I denne perioden har politiet arrestert 42.888 flyktningar og sendt dei tilbake til provinsane dei først kom til i Tyrkia, opplyser guvernørkontoret i Istanbul.

Kontoret oppgir ikkje kva nasjonalitet dei har, men i juli var 547.000 syrarar offisielt registrerte i Istanbul. Sidan då har ikkje styresmaktene tillate at fleire syrarar registrerer seg som busette i Istanbul.

På landsbasis har Tyrkia 3,6 millionar flyktningar frå Syria, fleire enn noko anna land. Dei tyrkiske styresmaktene har ikkje gitt desse formell flyktningstatus. I staden blir dei «mellombels tekne vare på». Det er ein status som gjer at dei må halde seg i dei provinsane dei først vart registrerte i, og at dei berre kan har korte opphald i andre tyrkiske byar.

Trass i den store flyktningbølgja som har skylt inn over Tyrkia gjennom dei åtte åra med krig i Syria, har landet hatt få sosiale problem. Men den økonomiske nedgangen i Tyrkia har bidrege til auka spenning. Analytikarane seier at flyktningsaka truleg bidrog til at det regjerande partiet overraskande tapte ordførarvalet i Istanbul tidlegare i år.

President Recep Tayyip Erdogan har prøvd å etablere ei såkalla «tryggingssone» nordaust i Syria og har sendt soldatar over grensa for å ta kontroll over området frå den kurdiske militsen. Planen er å sende syriske flyktningar dit.

(©NPK)

Syriske flyktningar i Akçakale søraust i Tyrkia ventar på å få brød i regi av lokale styresmakter. Foto: AP / NTB scanpix