Annonse

Tyrkiske angrep i Irak etter at diplomat vart drepen

Tyrkia har gjennomført luftangrep og militære angrep i irakisk Kurdistan etter drap på ein tyrkisk diplomat i Irak, ifølgje det tyrkiske forsvarsdepartementet.

Ein tyrkisk soldat har mista livet og seks personar er såra i samanstøyt med PKK-geriljaen.

- Kampen vår mot terror skal halde fram heilt til den siste terroristen er uskadeleggjort, seier Tyrkias forsvarsminister Hulusi Akar.

Det siste luftangrepet kjem få dagar etter at den tyrkiske diplomaten Osman Köse vart drepen i regionen. Minst éin annan person vart drepen i skyteangrepet, som skjedde på ein restaurant i byen Arbil nord i Irak tidlegare denne veka.

Ingen har så langt tatt på seg ansvaret for skyteangrepet, men fredag kunngjorde irakiske styresmakter at ein mann med tyrkisk statsborgarskap blir mistenkt for angrepet.

- Etter det fiendtlege angrepet i Arbil har vi sett i verk dei mest omfattande luftangrepa så langt mot Qandil og gitt terrororganisasjonen eit kraftig slag, seier Akar.

PKK har militærbasar i fjellområda i den kurdiske delen av Irak, mellom anna i Qandil-fjella. Dei siste månadene har Tyrkia trappa opp militære fly- og bakkeoperasjonar retta mot PKK-mål i Irak.

Iraks sjølvstyrte kurdiske region blir styrt av Kurdistans demokratiske parti (KDP) og er politisk alliert med den tyrkiske regjeringa. Væpna medlemmer av Kurdistans arbeidarparti (PKK) opererer likevel i delar av området. Tyrkia ser på PKK, som i fleire tiår har ført eit væpna opprør mot styresmaktene der, for å vere ein terroristorganisasjon.

(©NPK)