Tyrkiske hackarar oppmodar til cyberangrep på svenske bankar

Eit tyrkisk hackarforum har byrja å oppmode til cyberangrep mot svenske styresmakter og bankar.

Det melder Ekot på Sveriges Radio. Ifølgje programmet er det Riksbanken som har plukka opp trusselen, og som no vel å gå ut med informasjonen.

Rickard Faleij, ansvarleg for informasjonssikkerheit i Riksbanken, ønskjer ikkje å spekulere på årsaka til oppmodinga.

– Vi gjer våre eigne analysar, men eg kan ikkje gå inn på kva dei resulterer i, seier han.

Forholdet mellom Sverige og Tyrkia er svært anstrengt for tida. Sistnemnde avlyste tysdag eit planlagde møte med Sverige og Finland om Nato-søknadene i landa i februar. Årsaka var at den høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan i helga fekk løyve til å demonstrere utanfor den tyrkiske ambassaden i Stockholm, der han sette fyr på Koranen.

Utanriksminister Mevlüt Çavusoglu sa torsdag at det er meiningslaust å ha møte med Sverige og Finland no.

(©NPK)