Annonse

Tysk bank legg ned 200 filialar

Den tyske storbanken Commerzbank opplyser at 200 filialar som vart stengde under koronakrisa, ikkje skal gjenopnast.

Avgjerda set fart i planane til banken om å redusere verksemda si, sidan dei 200 filialane etter planen ikkje skulle leggjast ned før om tre år.

Dermed blir banken sitjande igjen med totalt 800 filialar. Tilsette som blir ramma av nedleggingane, blir overførte til andre filialar.

(©NPK)