Annonse

Tysk overskot for femte år på rad

Trass i fleire raude flagg for økonomien i landet bokførte den tyske regjeringa eit overskot på rekordhøge 566 milliardar kroner i 2018.

Annonse

- Dette er det høgaste overskotet regjeringa har oppnådd sidan den tyske gjenforeininga, skriv Tysklands statistikkbyrå Destatis. Overskotet svarer til 1,7 prosent av BNP i landet.

Inntektene og skatteinnbetalingane steig med 5,7 prosent samanlikna med 2017, og ein arbeidsmarknad i oppgang resulterte i ein auke av skatteinntektene på 4,3 prosent. I tillegg henta regjeringa inn 16,1 prosent meir i utbytte og deler av investeringane sine enn året før.

Det er likevel ting som tyder på nedgang for den tyske økonomien. Landet hadde ingen BNP-vekst i det fjerde kvartalet i fjor og unngjekk dermed så vidt å gå inn i ein resesjon etter ein knapp nedgang i tredje kvartal.

Regjeringa spår ein beskjeden BNP-vekst på 1 prosent i 2019. Finansdepartementet ventar fallande skatteinntekter og budsjettunderskot dei kommande åra.

(©NPK)