Annonse

Tysk skiskyttardronning vurderer å legge opp

Den tyske skiskyttarstjerna gir ingen garantiar for at ho blir å sjå på startstreken neste sesong også.

Etter verdscupfinalen på søndag sa Dahlmeier at ho i vår vil ta ei avgjerd på korleis framtida ser ut.

- Eg skal ta stilling til kva som er viktig for meg, korleis eg føler meg og kva kroppen seier, sa 25-åringen.

Også for eitt år sidan trong Dahlmeier tenketid før ho stadfesta at karrieren fortset.

Denne sesongen har ho slite med helseproblem, men tok likevel to bronsemedaljar under VM i Östersund.

Tida som kjem skal den fjellglade idrettsstjerna mellom anna bruke til å stige opp Irans høgaste fjell Mount Damawand. Toppen ligg på 5.604 meter over havet.

Dahlmeier har tatt to OL-gull og sju VM-titlar i karrieren. Under VM i austerrikske Hochfilzen i 2017 tok ho fem gull og eit sølv.

(©NPK)

Tysklands Laura Dahlmeier vurderer å gi seg. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix