Tyske sosialdemokratar blir verande i Merkels regjering

Tysklands sosialdemokratar seier ja til å halde fram regjeringssamarbeidet med kristendemokratane, sjølv om misnøya med Angela Merkels koalisjon er stor.

SPD-landsmøtet opna i Berlin fredag. Blant forslaga som var oppe til avstemming, handla eitt om å umiddelbart forlate storkoalisjonen som blir leidd av den borgarlege statsministeren Angela Merkel.

Det forslaget fall fredag kveld. Eit fleirtal av dei 600 delegatane ønsker i staden at partiets nye leiarduo skal innleie «diskusjonar» med Merkels parti og stille ei rekke vilkår for at regjeringssamarbeidet skal overleve.

Den nye leiarduoen Norbert Walter-Borjans og Saskia Esken tilhøyrer venstrefløya til partiet og er forholdsvis ukjente politikarar. Dei kom overraskande best ut av leiarkonkurransen, og under landsmøtet skal dei veljast formelt. Det skal òg veljast tre nestleiarar.

SPD har mange dårlege val bak seg som juniorpartnar til Angela Merkels CDU og søsterpartiet CSU i Bayern. Mange fraksjonar ønsker at partiet skal lausrive seg og starte på nytt med å bygge ein breiare veljarbase.

Ei meiningsmåling som sist laurdag vart offentleggjort av byrået Forsa, viser at SPD ligg på 14 prosents oppslutning. Partiet har vore juniorpartnar for Merkel i ti av hennar 14 år ved makta.

(©NPK)

Norbert Walter-Borjans, ein av dei to nye leiarane for det tyske sosialdemokratiske partiet SPD, opna partiets landsmøte i Berlin fredag. Foto: AP/NTB scanpix