Annonse

Tyskland avviser russisk tilbakekomst til G8

Den tyske regjeringa stiller seg kritisk til at Russland skal bli tatt inn i varmen igjen i G8, slik USAs president Donald Trump har antyda.

Annonse

Angela Merkels talsmann Steffen Seibert påpeikar at Russland vart ekskludert frå G8 etter å ha annektert den ukrainske Krim-halvøya.

- I tillegg støttar Russland dei prorussiske opprørarane i Aust-Ukraina, og det er ein situasjon som framleis går føre seg, seier Seibert onsdag.

Fråsegna kjem etter at USAs president sa at han meiner det er på sin plass å la Russland få komme tilbake til gruppa av dei leiande industrilanda i verda, slik at G7 kan bli til G8 igjen.

Under eit møte med Frankrikes president Emmanuel Macron måndag sa Russlands president Vladimir Putin at han ikkje ser bort frå at Russland kan bli med i gruppa igjen når Trump overtar leiarskapet for G7 neste år.

Leiarane for G7-landa møtest til toppmøte i Frankrike i slutten av veka.

(©NPK)