Tyskland forbyr nynazistgruppe

Den nynazistiske gruppa Wolfbrigade 44 er no forboden i Tyskland, og tysdag morgon byrja politiet i tre delstatar å ransake heimane til fleire medlemmer.

Wolfbrigade 44, også kjent som Sturmbrigade 44, vart danna i 2016. No har innanriksministeren i Tyskland, Horst Seehofer, sett ned foten, seier talsmannen hans Steve Alter tysdag.

Tryggingstenestene meiner gruppa ikkje vil sjå bort frå bruk av vald for å oppnå målet om å på ny etablere ein nasjonalsosialistisk stat. Husransakingane skal sørgje for at aktivuma og propagandaen i gruppa blir beslaglagd.

Seehofer har tidlegare i år nedlagt forbod mot to høgreekstreme og ein antisemittisk organisasjon.

(©NPK)

Tysklands innanriksminister Horst Seehofer. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB