Annonse

Tyskland gjer meslingvaksine obligatorisk for barn

Frå mars neste år vil det vere obligatorisk for barnehage- og skulebarn å ta meslingvaksine, har den tyske regjeringa bestemt.

Annonse

Lova vart vedtatt i den tyske nasjonalforsamlinga med 459 stemmer for og 89 mot.

I fjor vart 543 tilfelle av meslingsmitte registrerte i Tyskland, og så langt i 2019 er meir enn 400 tilfelle rapporterte. Også globalt har viruset hatt ei blomstring.

Ifølgje den nye lova må foreldre bevise at barnet er vaksinert før barnet kan starte i barnehage eller på skule.

Dersom foreldra ikkje kan bevise vaksinasjon, kan dei straffast med bøter på opptil 2.500 euro - cirka 25.000 norske kroner.

Barn som allereie går i barnehage eller på skule må bevise at dei er vaksinerte innan 31. juli 2021.

- Vern mot meslingar er barnevern, sa helseminister Jens Spahn.

Ifølgje Spahn vil lova om meslingvaksine òg gjelde for alle tilsette i barnehagar, skular, helseføretak og asylmottak.

FN åtvara i april mot den globale spreiinga av meslingar. Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) auka talet på smittetilfelle i fjor med 300 prosent på verdsbasis.

Meslingar er ein svært smittsam virussjukdom som i verste fall kan føre til døden. Sjukdommen var inntil nyleg nesten utrydda i vestlege land, takka vere god vaksinedekning.

Dei siste åra har talet på utbrot byrja å auke, samtidig som stadig fleire har vorte skeptiske til vaksinasjon.

(©NPK)

Vaksinasjon mot meslingar har vorte lovpålagd i Tyskland. Foto: Lise Åserud / SCANPIX.