Klargjør siden...

Tyskland ønskjer flyktningavtale med nordafrikanske land

(NPK-NTB-Reuters): EU bør forhandla fram ein flyktningavtale med landa i Nord-Afrika lik avtalen unionen har med Tyrkia, meiner Tysklands innanriksminister.

Avtalen til EU med Tyrkia, som blei sett i verk måndag, gjer at flyktningar og migrantar som har teke seg til Hellas sidan 20. mars, kan returnerast til transittlandet. For kvar flyktning Tyrkia tek imot, skal landet få senda éin syrisk flyktning vidare til EU.

– Vi er nøydde til å snakka med nordafrikanske statar om liknande avtaler som vi har sett opp med Tyrkia, seier Tysklands innanriksminister Thomas de Maizière tysdag.

Han strekar under at målet er å stoppa menneskehandel. (©NPK)

Annonse