Annonse

Tyson-comeback i bokseringen etter 15 år, møter Roy Jones Jr.

15 år etter at han boksa sin førre proffkamp, gjer bokselegenda Mike Tyson comeback. 12. september møter han Roy Jones Jr. i ein oppvisningskamp.

Annonse

Kampen skal boksast i Los Angeles, og boksekommisjonen i California har godkjent oppgjeret.

Tyson vart i 1986 den yngste tungvektsmeisteren gjennom tidene då han slo ut Trevor Berbick i tittelkampen. Då var han berre 20 år gammal. I åra som følgde gjorde han kort prosess med motstandar etter motstandar og var utan tap i sine 37 første proffkampar.

Eit sjokktap mot James «Buster Douglas» i 1990 kosta han tittelen og innleidde ein periode med store problem og skandalar både i og utanfor ringen, sjølv om han tok tilbake tittelen i 1996. Han sona frå 1992 ei fengselsstraff for valdtekt, og i 1997 vart han diskvalifisert i tittelkamp mot Evander Holyfield for å bite eit stykke av øyret til motstandaren.

Tysons førre proffkamp var i 2005, då han tapte for iren Kevin McBride. Det var det sjette tapet hans på 58 proffkampar. 50 av dei vart vunne.

(©NPK)

Mike Tyson saman med Cecilia Brækhus under eit arrangement i Beijing i 2016. I september gjer Tyson comeback 15 år etter sin førre proffkamp. Foto: Sofie Nielsen / HANDOUT / NTB scanpix