Uber kjøper konkurrent i Midtausten

Skyssformidlaren Uber kjøper konkurrenten Careem for 26 milliardar kroner.

Beløpet på 3,1 milliardar dollar gjer dette til det største teknologioppkjøpet i Midtausten-regionen.

Avtalen fører til at Careem blir eit heileigd underselskap til Uber. Det vil framleis vere eit uavhengig selskap under Careem-merkevara og vil framleis bli leidd av grunnleggjarane sine.

Careem er basert i Dubai og er blant dei mest suksessrike selskapa som har starta opp i regionen. Selskapet er populært i Midtausten, delvis fordi det lèt passasjerane betale med kontantar i staden for berre kredittkort.

Uber-sjef Dara Khosrowshahi seier oppkjøpet styrkar stillinga til skyssformidlaren med amerikansk utspring, globalt.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix