Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Noreg ber endå ein gong Russland om ei forklaring på kvifor det kjem så mange asylsøkjarar over grensa på Storskog, mens Finland ikkje opplever same tilstrøyming.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 13:25
– Vi har eit møte med russarane på embetsnivå onsdag der situasjonen på grensa blir tatt opp. Dette er eit årleg møte mellom konsulærseksjonane i dei to utanriksdepartementa, men der er naturleg at situasjonen på grensa blir tatt opp, seier kommunikasjonsrådgjevar Ane Haavardsdatter Lunde i Utanriksdepartementet til NTB.
Møtet kjem ei veke etter at utanriksminister Børge Brende (H) bad sin russiske kollega Sergej Lavrov gjere greie for kvifor Russland har ein ulik praksis på utreise til Noreg og Finland. (©NPK)