Annonse

Uefa endrar reglane: Gule kort blir sletta før kvartfinalane

Gule kort frå tidlegare kampar vil i år bli sletta før kvartfinalane i Meisterligaen og Europaligaen. Normalt blir dei sletta før semifinalane.

Det opplyste Uefa tidlegare i veka. Avgjerda er teken for at det skal stå igjen like mange kampar av sluttspelet når korta blir fjerna. Normalt sett blir gule kort fjerna før semifinalane. For lag som går til finalen står då att det tre kampar. Sidan det i år berre blir spelt ein kamp i kvar runde, vil det berre vere igjen tre kampar etter åttedelsfinalane.

Regel om fjerning av gule kort er i utgangspunktet innført for å unngå at ein spelar må stå over finalen fordi han står med tre gule kort frå tre ulike kampar.

Returoppgjera i åttedelsfinalane i Europaligaen blir spelte onsdag og torsdag, medan dei fire attståande returoppgjera i Meisterligaen blir spelte fredag og laurdag.

(©NPK)

Laga som går vidare til kvartfinalane i Europaligaen og Meisterligaen, får sletta sine gule kort. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix