Uefa innleidde disiplinærsak mot Norges Fotballforbund

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har innleidd disiplinærsak mot Norges Fotballforbund for tilskodar-bruken av bluss under kampen mot Færøyane.

Det melder forbunden på nettstaden sin onsdag.

Dei første minutta av EM-kvalifiseringskampen førre veke vart det tent ei stor mengde bluss på ein liten tribuneseksjon bak det eine målet. Det var ei markering i debatten om bruk av pyroteknikk på norske fotballtribunar, og det vart sunge «hater, hater NFF».

Som venta vart hendinga rapportert av kampinspektøren til Uefa, og forbundet må rekne med ei bot når disiplinærkomiteen behandlar saka 12. desember.

Det er innleidd disiplinærsak òg mot fotballforbunda i Romania, Belgia, Nederland, Portugal og Danmark etter EM-kvalifiseringskampane sist helg. Dei mest alvorlege skuldingane er retta mot Romanias fotballforbund etter at det skal ha vore nye tilfelle av tribunerasisme i kampen mot Sverige.

Romania vart av same årsak dømde til å spele for tomme tribunar i kampen mot Noreg førre månad, men utnytta eit smotthol i reglementet og fylte tribunane med barn som laga stor stemning.

Alle disiplinærsakene skal behandlast same dag, og omspelsklare Romania kan få strenge sanksjonar.

(©NPK)

Bruken av bluss på tribunen under EM-kvalifiseringskampen mot Færøyene førte til at Uefa har innleia disiplinærsak mot Norges Fotballforbund. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix