Annonse

UEFA til disiplinærsak etter Englands EM-kval mot Montenegro

UEFAs har starta disiplinærsak mot Montenegro etter EM-kvalifiseringskampen mot England måndag for mellom anna rasistisk åtferd blant tilskodarane.

Engelskmennene vann kampen 5-1, men det var ei rekke brot på UEFAs disiplinære reglar. Fleire av spelarane til bortelaget, og spesielt Raheem Sterling, måtte tole tilrop og lydar frå heimetribunen som engelskmennene oppfatta som rasistiske.

Manchester City-stjerna reagerte med å feire målet sitt med hendene bak øyra.

På Instagram-profilen sin posta han eit bilde av jubelscena med beskjeden: - Den beste måten å lukke munnen på «hatarar» på (og ja, eg meiner rasistar).

Lagkameraten Callum Hudson-Odoi høyrde tydeleg tilropa frå tribunen på det intime stadionet i Podgorica då han sprang fram for å feire målet saman med Sterling.

- Då eg sprang bort til han, høyrde «Rosey» (Danny Rose) og eg det. Dei gjorde apelydar. Det er ikkje bra. Det er uakseptabelt og eg håpar at UEFA vil ta hand om det, sa Hudson-Odoi til The Guardian.

Sterling oppfordrar no UEFA til å ta grep og at Montenegro-fansen får ei straff som svir. Bøter og karantenar er ikkje nok, meiner han.

- Det er ikkje rom får slik åtferd i eit multikulturelt og multietnisk samfunn som Montenegro er. Viss UEFA konkluderer med at rasisme har funne stad, så vil vi ta alle nødvendige grep for å identifisere dei skuldige og forby dei tilgang til alle kampar arrangerte av fotballforbundet, heitte det i ei fråsegn frå Montenegros fotballforbund.

Ved sida av den rasistiske åtferda frå heimetribunen skal også UEFA undersøke fleire andre tilfelle av brot på disiplinærreglar. Det vart tent fyrverkeri og kasta gjenstandar ut på bana, og etter kampen vart det bråk blant tilskodarane der fleire trappegangar vart blokkerte.

Saka blir avgjort i UEFAs disiplinærkomité 16. mai.

(©NPK)

Englands Raheem Sterling opplevde at publikum kom med rasistiske tilrop i EM-kvalkampen mot Montenegro mandag. Nå har UEFA gått til disiplinærsøksmål mot Montenegro. Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB scanpix