Annonse

Uefas europacuptrekningar går bak lukka dører

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) held trekningane til Meisterligaen, Europaligaen, conferenceligaen og nasjonsligaen bak lukka dører.

Det gjeld trekkinga av europacupane i sveitsiske Nyon 13. desember, og det gjeld trekninga av gruppene i nasjonsligaen for 2022/23-sesongen i Montreux i Sveits tre dagar seinare.

Inga av trekningane skjer med andre enn Uefas representantar til stades. Det Uefa bestemt, melder nyheitsbyrået DPA måndag.

Grunnen skal vere dei strenge reiserestriksjonane sveitsiske styresmakter har sett i gang etter at omikronvarianten av koronaviruset har spreidd seg som eld i turt gras i Europa den siste tida.

I Meisterligaen skal åttedelsfinalane bli trekte, medan det i Europaligaen og conferenceligaen blir trekt innleiande runde inn til sluttspelet.

Bodø/Glimt er eitt av laga som kan vere ein del av trekkinga. Det skjer viss Glimt endar på 2.-plass i gruppa si i conferenceligaen. Då vil dei trekkjast mot lag som endar på 3.-plass i Europaligaen og kjempe om ein plass i åttedelsfinalen av conferenceligaen.

Dersom Glimt vinn gruppa si, er dei direkte kvalifiserte til åttedelsfinalen.

(©NPK)

Bodø/Glimt er eitt av laga som kan vere ein del av trekninga til Uefa 13. desember. Trekninga går bak lukka dører. Foto: Mats Torbergsen / NTB