Ukraina bad i juni Noreg om tollfridom – ventar framleis

I juni bad Ukraina om at Noreg fjerna toll på ukrainske varer i eitt år. Fleire land har gått med på det, men Noreg held igjen.

– Vi håpar på positiv respons frå den norske regjeringa på dette spørsmålet, skriv den ukrainske ambassaden i ein e-post til Dagens Næringsliv.

Spørsmålet ligg til behandling i regjeringa. Ifølgje DN er Senterpartiet skeptisk.

Avisa har snakka med fleire sentrale kjelder i Senterpartiet. Etter det DN erfarer, er partiet redd for konsekvensane av fritak for toll på ukrainske landbruksvarer når krigen er omme, og at andre land i krise kan be om det same.

Ukraina har også bede dei andre Efta-landa Sveits, Island og Liechtenstein om tollfridom. Noreg har vorte kritisert for å nøle og vart bede av dei andre Efta-landa om ikkje å bremse prosessen.

EU fjerna i mai toll på varer frå Ukraina i eitt år, og denne perioden blir truleg forlengd. Storbritannia, Canada og USA er blant landa som har gitt Ukraina tollfridom på ei rekkje varer.

I fjor importerte Noreg varer for rundt 700 millionar kroner frå Ukraina. Av dette var varer for berre 40 millionar kroner tollbelagde.

DN har spurt Nærings- og fiskeridepartementet om regjeringa har svart på Ukrainas førespurnad, og kva svaret eventuelt er. Dei ønskjer ikkje å svare på spørsmålet og viser til at Venstre-leiar Guri Melby har stilt eit spørsmål i Stortinget, og at næringsminister Jan Christian Vestre skal svare på dette først.

(©NPK)

Ukraina ventar framleis på svar frå Noreg om dei kan få tollfridom på ukrainske varer i eitt år. Statsminister Jonas Gahr Støre og resten av regjeringa har spørsmålet til behandling. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Annonse