Ukraina: Etterforskar 13.000 skuldingar om krigsbrotsverk

Ukraina etterforskar no om lag 13.000 skuldingar om krigsbrotsverk, og det er teke ut sikting mot 48 russiske soldatar, opplyser Ukrainas riksadvokat.

Måndag fall den første krigsforbrytardommen i ukrainsk rettsvesen då ein 21 år gammal russisk soldat vart dømd til livsvarig fengsel for drapet på ein 62 år gammal sivil ukrainar. Soldaten har anka dommen.

Ukrainas riksadvokat Iryna Venediktova seier måndag at om lag 13.000 skuldingar om krigsbrotsverk gjort av russiske soldatar er under etterforsking, og at det er teke ut sikting eller tiltale mot 48 russiske soldatar å langt, melder avisa The Guardian.

Ifølgje Venediktova har ukrainske styresmakter ei liste over om lag 600 personar som blir mistenkte for å ha gjort seg skuldig i krigsbrotsverk i Ukraina.

(©NPK)

Ukrainas riksadvokat Iryna Venediktova (t.v.), her saman med Tysklands utanriksminister Annalena Baerbock på eit bilete frå 10. mai. Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB