Ukrainas president skal ha samtalar med Trump

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj skal møte USAs president Donald Trump til samtalar i New York neste veke.

Møtet vil bli det første sidan Zelenskyj vart innsett som president i Ukraina i mai månad.

Den ukrainske presidenten reiser til USA frå 23. til 26. september for å delta under FNs hovudforsamling.

Møtet med den amerikanske presidenten kjem midt i ein fornya innsats for å få ein slutt på konflikten med dei russiskstøtta separatistane i Aust-Ukraina.

Tidlegare denne månaden møtte Zelenskyj USAs visepresident Mike Pence under eit bilateralt møte i Warszawa i Polen.

(©NPK)

Ukrainas president Volodymyr Zelinskij møtte USAs visepresident Mike Pence under eit bilateralt møte i Warszawa tidlegare denne månaden. Neste veke møter han president Donald Trump. Foto: Petr David Josek / AP / NTB scanpix