Ukrainsk boksar droppar VM-kamp for å kjempe mot Russland

Ukrainaren Vasily Lomatsjenko har trekt seg frå tittelkampen i boksing i juni fordi han vil bli i heimlandet og forsvare det mot russiske styrkar.

Australiaren George Kambosos får ikkje Lomatsjenko som motstandar i VM-kampen i lettvekt i Melbourne 5. juni. Lomatsjenko har meldt seg til å krige under Ukrainas faner i forsvaret mot den russiske invasjonen.

Den kampen vil han ikkje avbryte. Motstandaren har full forståing for valet.

– Korleis kan nokon vere i tvil om at den kampen Lomatsjenko er i gang med, er langt større enn nokon boksekamp? Vi har den største respekten for avgjerda, seier Kambosos' promotor Lou DiBella til ESPN.

Ukrainas styresmakter har gitt Lomatsjenko lov til å stoppe militærtenesta og forlate landet for å førebu seg til boksekampen, men det ønskjer han ikkje å gjere. Han vil bli verande saman med familien og delta i forsvaret av nasjonen.

Vasily Lomatsjenko tok to OL-gull og vann både VM og EM før han vart profesjonell i 2012. Som profesjonell har han vunne 16 kampar og tapt to. Han har teke VM-titlar både i fjørvekt og lettvekt.

(©NPK)

Ukraina er under åtak. Det vedkjem også idrettsheltar i landet. Foto: Foto: AP / NTB