Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters-AFP): Den ukrainske piloten Nadija Savtsjenko er i ein domstol i Russland dømd til 22 års fengsel for medverknad til drap på to russiske journalistar.
npk@npk.no
Publisert: 22.03.2016 kl 16:07
Straffeutmålinga blei kunngjort tysdag i retten i den russiske byen Donetsk, som ligg i nærleiken av grensa mot Ukraina.
Domstolen meiner Savtsjenko (34) i juli 2014 tok seg over grensa til Russland. Her overleverte ho etter det som blir fortalt, koordinat til ukrainske styrkar slik at dei kunne gjennomføra eit angrep som kosta journalistane livet.
Savtsjenko har gjort teneste som helikopternavigatør i det ukrainske militæret. Straffeutmålinga blei kunngjort etter ei opplesing av vedtaket og domspremissane som strekte seg over to dagar.
Rettssaka mot Savtsjenko har blitt kritisert av vestlege land, og i heimlandet har 34-åringen fått status som nasjonalhelt. Ho har sveltestreika i delar av perioden der ho har sete fengsla i Russland. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.