Ullevål sjukehus forskar på om musikk hjelper folk med demens

Programmet «Demenskoret» har vist at musikk er eit lovande behandlingsalternativ for personar med demens. No skal Ullevål sjukehus forske på dette.

NRK-programmet har auka forståinga i samfunnet for kva ein demenssjukdom medfører, skriv Oslo universitetssjukehus.

Ullevål sjukehus skal forske meir på sjukdommen. Planen for studiet er å teste effektane av preferansebasert musikk som blir presentert for pasientane anten «live» eller innspelt via ein høgtalar.

Får ein demens er det ein svært høg risiko for å utvikle delirium – ei forstyrring i merksemdsfunksjonen. Ullevål sjukehus meiner det trengst meir kunnskap om effekten av andre behandlingsalternativ, som musikkterapi, til pasientar med delirium. Pilotprosjektet inkluderer derfor 20 pasientar med delirium.

– Det unike med studien vår er at vi inkluderer ei svært sårbar gruppe, akuttinnlagde pasientar, mange av dei med demens, skriv Oslo universitetssjukehus i pressemeldinga.

Pilotprosjektet som går føre seg utover våren i 2023.

(©NPK)

NRKs Demenskoret har inspirert til forsking.
Foto: Anna Sørmarken Vestly / NORDISK BANIJAY / NRK / NTB / NPK