Ullevålseter tok innpå leiaren i Africa Race

Pål Anders Ullevålseter køyrde med sterke skuldersmerter inn til 2.-plass på etappen på fredag i Africa Race og tok innpå samanlagtleiar Alessandro Botturi.

Det skil 2,04 minutt mellom dei to, i favøren til italienaren, før dei to siste etappane i ørkenrallyet.

Ullevålseter får behandling for skulderskaden mellom etappane og køyrer med smertestillande. Han bit tennene saman i håp om å ta frå Botturi sigeren samanlagt i ørkenrallyet.

Etappen på fredag var på over 60 mil frå Tidjikja til Idini i Mauritania. Ullevålseter vart på sin KTM-motorsykkel nummer to på etappen 1.51 minutt bak den italienske Honda-føraren Giovanni Gritti, men 2.04 føre Yamaha-føre Botturi.

Dermed halverte han leiinga i italienaren i samandraget.

To etappar står att før rallyet blir avslutta i Dakar søndag.

Fredag var elles årets Dakar-rally over. Det vart denne gongen avvikla i Saudi-Arabia, med Carlos Sainz som vinnar av klassen for bilar og Ricky Brabec av motorsykkelklassen. Sainz vann rallyet for tredje gong, medan Brabec er første amerikanske vinnar av MC-klassen.

(©NPK)

Pål Anders Ullevålseter kjempar trass ei vond skulder om sigeren i Africa Race. Foto: Team Ullevålseter / NTB scanpix