Annonse

Ullvang, Virik og K4 menn til semifinalar i padle-VM

Lars Magne Ullvang tok seg enkelt vidare til semifinale i K1 1.000 meter under VM i padling i Ungarn torsdag. Også to andre norske båtar er semifinaleklare.

Ullvang vart nummer to i heatet sitt og er blant 27 padlarar som går vidare til semifinale på distansen. Nordmannen kom inn på tida 3.30,91, som var sekundet bak den portugisiske heatvinnaren Fernando Pimenta.

Semifinalane på K1 1.000 meter går fredag ettermiddag. Ullvang padlar då i tredje og siste heat. Dei tre beste i kvart heat går til finale.

Også Maria Virik skal ro semifinale på K1 1.000 meter. Ho vart nummer fem i heatet sitt der dei tre beste gjekk direkte til A-finale.

I semifinalen til kvinnene er det berre eitt heat, der dei tre beste går til A-finalen, der seks padlere allereie er kvalifisert. Virik padla 1.000-meteren på 4.00,67, og ho var dermed 4,91 sekund unna ein direkte finaleplass.

Torsdag ettermiddag vart Noregs kvartett i K4 500 meter menn nummer seks i forsøksheatet sitt. Med tida 1.22,01 var Lars Hjemdal, Hakeem Teland, Vemund Næss Jensen og Gunnar Nydal Eide 2,94 sekund bak heatvinnar Frankrike.

Dei seks beste tok seg direkte til semifinale, medan også Storbritannia på plassen bak Noreg tok seg vidare på tid. Semifinalane blir padla laurdag ettermiddag, og dei tre beste i kvart av tre heat går til finale.

Like bra gjekk det ikkje for Noregs båt i K4 500 meter kvinner. Kristiane Spikkeland, Anna Sletsjøe, Kristine Amundsen og Maria Virik vart nummer åtte og sist i heatet sitt, og dei er dermed utslått. Vinnarbåten i heatet tok seg direkte til finale, medan dei seks neste får padle semifinale.

Den norske båten var 8,50 sekund bak New Zealands heatvinnar.

Fredag startar VM for Noregs båt i K2 1.000 meter menn med Lars Magne Ullvang og Eivind Vold.

(©NPK)

Lars Magne Ullvang (til høgre) er semifinaleklar på 1.000-meteren i padle-VM. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix