Ulovleg trafikkopplæring skal stansast

Ulovleg trafikkopplæring blir ofte kamuflert som privat øvingskøyring. Derfor stiller regjeringa no krav til rettleiar og elev ved privat øvingskøyring.

Det kan skje ved at til dømes rettleiar må registrere seg og elevane sine. Det blir tatt sikte på å legge til rette for enkle løysingar, slik at krava i minst mogleg grad skaper belastning for dei som skal drive med lovleg øvingskøyring.

I tillegg vil det bli mogleg å gi aktørane tvangsmulkt, òg til dei som driv ulovleg verksemd. I dag risikerer dei som driv køyreopplæring berre pålegg om stans og tilbakekalling av godkjenning.

– Det skal vere trygt å ferdast i trafikken, og vi skal kunne føle oss trygge på at dei bilistane vi møter har fått ei god og grundig opplæring. Derfor foreslår vi å endre regelverket både for å heve kvaliteten i føraropplæringa og for å stanse dei som driv ulovleg opplæring, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

Forslaga til endringar i vegtrafikklova vart lagt fram for Stortinget fredag. Endringane skal bidra til å heve kvaliteten på føraropplæringa og opplæringa av utrykkingsførarar og yrkessjåførar.

(©NPK)

Trafikkopplæring som er ulovleg blir ofte kamuflert som privat øvingskøyring. Derfor stiller regjeringa no krav til rettleiar og elev ved privat øvingskøyring. Her samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix