Klargjør siden...
Annonse

Ung gut slapp lettare skadd frå paragliderulykke

(NPK-NTB): Ein tolv år gammal gut fall seks meter rett ned på stranda i ei paragliderulykke i Bygland i Aust-Agder tysdag morgon, men slapp frå det med lettare skader.

Ulykka skjedde ved Sandstrand i Bygland kommune like etter klokka 8.30 tysdag morgon. Ifølgje politiet skjedde ulykka då paraglideren skulle trekkjast opp i lufta av ein båt.

Ifølgje politiet dreier det seg om eit tandemhopp. Ulykka skjedde i samband med eit luftsportsarrangement som denne veka går føre seg i Bygland, skriv Fædrelandsvennen. Den andre personen som hoppa, er ifølgje opplysningane frå politiet, far til guten.

– Noko har gått gale i lufta, og skjermen har stupt ned igjen. Guten har falle ned frå cirka seks meters høgd og landa på stranda, seier operasjonsleiar Geir Andersen til avisa.

Det blei gjeve førstehjelp på staden før guten blei henta av luftambulansen og frakta til Sørlandet sjukehus i Kristiansand. Sjukehuset karakteriserer skadane til guten som lette. Faren blei køyrd til legevakt for sjekk.

(©NPK)