Annonse

Ungarn er misnøgd med EUs asylforslag

Statsministeren i Ungarn, Viktor Orbán, synest ikkje EU-kommisjonens forslag til ein ny asylpolitikk går langt nok.

– Det er ikkje noko gjennombrot, det er mange endringar, men det er framleis ikkje noko gjennombrot, seier Orban etter at han torsdag møtte Tsjekkia og Polens statsministrar og dessutan leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, i Brussel.

Orban krev framleis at asylsøknader skal behandlast i mottak utanfor EU, såkalla «hotspots».

– Eit gjennombrot ville betydd hotspottar, slik at ingen kan tråkke på EUs jord utan å ha løyve til det, seier han.

(©NPK)

Ungarns statsminister Viktor Orbán (t.v.) saman med leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen. Foto: François Lenoir / Pool via AP / NTB