Ungarn mistar EØS-milliardar frå Noreg

Noreg, Island og Liechtenstein vart ikkje samde med Ungarn om forvaltninga av EØS-midlar til sivilsamfunnet. Dermed går landet glipp av 2,3 milliardar kroner.

Mangelen på semje gjer at ingen program i Ungarn blir finansierte av EØS-midlar i perioden som starta i 2014 og blir avslutta i år, opplyser Utanriksdepartementet.

– Etter vår meining kunne EØS-midlane spelt ei viktig rolle, særleg for å støtte sivilsamfunnet i Ungarn, men også for å bidra til innovasjon innanfor næringsliv, energi og klima, og for å fremje minoritetars rettar, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H). Noreg står for 95 prosent av EØS-midlane, som skal bidra til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa.

Uavhengig

I rammeavtalane som vart signerte med Ungarn i desember i fjor, var det ein klausul om at ingen program kunne godkjennast før det var funne ein operatør for pengane som skal gå til sivilsamfunnet.

– Det er eit ufråvikeleg krav at fondet for sivilt samfunn skal forvaltast uavhengig av styresmaktene. Dette har Ungarn akseptert, men dei har ikkje kunna godta at den best kvalifiserte fondsoperatøren skal få oppdraget, seier Eriksen Søreide om kvifor partane ikkje vart samde.

15 mottakarland

Forhandlingane om bruken av dei rundt 2,3 milliardar kronene som var sett av til Ungarn, har gått føre seg sidan 2016. No blir det altså ikkje noko av dei planlagde programma. Over 100 millionar skulle gått til sivilsamfunnet for å styrkje dette, støtte sårbare grupper og bidra til aktivt medborgarskap.

EØS-midlane utgjer 2,8 milliardar euro – rundt 30 milliardar kroner i perioden 2014–2021 – og er fordelte på 15 mottakarland. I tillegg til Noreg bidreg Island og Liechtenstein, som også er ein del av EØS-avtalen med EU.

(©NPK)

Noreg, Island og Liechtenstein snører igjen pengesekken og betalar ikkje ut dei planlagde EØS-milliardane til Ungarn. Dette skjer etter at det ikkje var mogleg å bli samde om kven som skulle forvalte pengane til sivilsamfunnet, fortel utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).
Arkivfoto: Jil Yngland / NTB